Vann i arbeidsretten

Publisert av:
6/2/2011 19:35

Utflytta tysnesing Aud Elin Jensen (frå Tysnes) har i åravis jobba i CargoNet, som er dotterselskap av NSB. Arbeidsgjevaren ville i fjor sommar flytta arbeidsplassen deira i Bergen til Oslo for å spara pengar. I august vart ho og tre kollegaer sagt opp fordi dei ikkje aksepterte ny arbeidsstad i Oslo.

Men dei fire gjekk rettens veg og meinte oppseiingane var usaklege. To av tre domarar i Bergen tingrett er samde med dei.

Retten seier arbeidsgjevar kan spara pengar på flyttinga, men flytting til Oslo vil på ei anna side påføra dei tilsette betydelege økonomiske og familiemessige problem. Dei fire har jobba i 23 til 31 år i selskapet, og då dei er i siste fasen av si yrkeskarriere er det ikkje problemfritt å få anna relevant arbeid.

Dermed fekk Jensen og kollegaene medhald i retten. Til BA seier dei at dei har hatt Norsk Jernbaneforbund i ryggen gjennom heile saka og at dette viser kor viktig det er og vera fagorganisert.