Jubeldag for jenter 9

Publisert av:
23/1/2011 10:17

Tysnes Lilla mot Kvinnherad
Tysnesjentene  var litt spente før kampstart. Det viste igjen dei fyrste minuttane på banen.  Tysnes starta svært forsiktig mot Kvinnherad som scora 2 mål før Tysnes skjønte at dei måtte gjera noko.  Julie tok ansvar og fekk ballen i mål. No steig sjølvtilliten, og fleire prøvde seg på mål. Resultata lot ikkje venta på seg. Mål  og gode målforsøk kom frå samtlege spelarar. Både Eline og Norunn var gode målvaktar og hadde mange fine redningar. Kampen enda velfortent 14

Tysnes kvit mot Stord 5
No var det Tysnes sitt andre lag sin tur på banen. Med mykje god inspirasjon frå det lilla laget, var dei klar for å visa kva dei var god for. Laget viste god vilje etter ballen frå start av. Det var ikkje lett for motstandarane å få mål inn i buret til Tysnes. Etter kvart som måla hagla inn, steig sjølvtilliten og laget hadde full kontroll over ballen. Toppscorarane var Maria og Petra, men dei gløymer aldrig at dette er eit lagspel og dreg dei andre med seg. Kampen enda 24-1

Tysnes kvit mot Kvinnherad
No fekk Tysnesjentene litt meir motstand frå start. Laga fylgjer kvarandre med berre 1 måls forskjell heilt ut i andre omgong. Tysnesjentene les spelet godt, og snappar ballen frå Kvinnheringane rett som det er. Med godt samspel og pågongsmot drog dei sigeren i hamn med god margin. Kampen enda 8-5.

Tysnes lilla mot Stord 5
Nok ei n gong måtte motstandarane kjempa forgjeves mot Tysnesjentene  som oste av sjølvtilit og kampånd. Mykje fint spel,  samarbeid og ikkje minst speleglede. Alle jentene greide å få ballen inn i målet. Tysnesjentene var svært nøgde etter kampen som enda 23-2.     

Det blir spennande å fylgja desse jentene vidare.

Alle bilete: Elisabeth Ebbesvik.