Publisert av:
26/12/2010 14:12
Brøyta baner
Øyvind Lunde var i ettermiddag i full gong med å brøyta banar på Fiskevatnet i Lunde. Med ATVen hans vart det brøyta kjapt og effektivt.
Så i løpet av dagen vil ein tru det skal vera fine forhold for skeising igjen på Fiskevatnet.
Det er ganske mange kuldegrader over Tysnes, så skeiseforholda vil nok halda fram.
Foto: Thomas Hagen