Publisert av:
24/11/2010 16:37
Fastsamband til Huglo
Styringsgruppa som har jobba med planarbeidet med fastsamband til Huglo tilrår bru og at vegen bør gå på austsida av Skorpo der eksisterande veg går i dag.
I konsekvensutgreiinga var også ein heilt ny veg på vestsida av Skorpo eit alternativ, men i framlegget har ein lagt vekt på å unngå inngrep i urørt natur på vestsida, og heller nytta ein opprusta dagens veg som tilkomst til brua som skal gå over til Huglo.
Både folk frå fylkeskommunen, Stord kommune og Huglo har vore med i prosessen, og frå Tysnes har ordførar Helge Hauge, varaordførar Magne Ivar Fauskanger, teknisk sjef Asle Bernt Rekve og Anders Laukhamar frå Skorpo grendalag og representant for grunneigarane på Skorpo vore med.
Heile konsekvensutgreiinga finn du hos Tysnes kommune >>>