Publisert av:
28/10/2010 18:50
Vestlandslefsa til Tysnes?
Det er Bladet Tysnes som skriv i dag at det kan verta ny aktivitet i Ensy-bygget på Heningen i Uggdal, då Rieber & Søn vurderer å flytta produksjonen av Vestlandslefsa til Tysnes.
Fabrikksjef Jan Arne Vevatne seier til lokalavisa at avgjersla om flytting kan skje allereie i år, men at det enno ikkje er heilt sikkert. I dag ligg fabrikken i Hegglandsdalsvegen i Os, men der er lokala altfor små.
Rieber & Søn har i to år jobba med å prosjektera eit nytt fabrikkanlegg, og dei alternative plasseringane er i Os, Arna og på Tysnes – der Tysnes er det ein har jobba mest med.