Utviding

Publisert av:
19/10/2010 13:55

Tidlegare i haust vart det laga ein ny vegbane på Beltestad. Denne staden var også plaga med mykje overflatevatn når det var mykje nedbør og vegbana vart heva. Framleis ligg vegen som den ligg, og ser ikkje heilt ferdiggjort ut.

Litt lenger oppe i brekka (sjå bilete nedanfor) har det for ei god stund sidan også blitt gjort utvidingar, men også her er det midlertidig stopp på utbetringa. Det er enno ikkje kome grus på den utvida vegbana.