Utvida risikogrupper for vaksinasjon mot influensa sesongen 2010/2011
8/10/2010 17:48
Det blir forventa sjukdom forårsaka av 2009 A(H1N1) – virus også i Noreg i sesongen 2010/2011, og difor melder Folkehelseinstituttet at dei utvidar tilrådingane for sesonginfluensa noko. Dette for å dekkja risikogrupper som var særskilt utsatt ved 2009-pandemien og som tidlegare ikkje har vore inkludert i norske tilrådingar for sesongvaksine. Dette gjeld:
• Gravide i 2. og 3. trimester. Gravide i 1. trimester med annan tileggsrisiko kan bli vurdert for vaksinasjon.
• Vaksne og barn med kronisk leversvikt
• Vaksne og barn med kronisk nevrologisk sjukdom eller skade
• Vaksne og barn med særs alvorleg fedme, dvs. kroppsmasseindeks (BMI) over 40 kg/m2
I tillegg rår Folkehelseinstituttet til at svinerøktarar, og andre som har regelmessig kontakt med levande grisar, vaksinerer seg med sesongvaksina. Hovudhensikta med vaksinasjon av svinerøktarar er å beskytta grisane mot influensasmitte og å hindra utvikling av virus med nye eigenskapar i svinebesetningane.
Dei utvida tilrådingane kjem i tillegg til dei tradisjonelle risikogruppene som omfattar:
• Personar som er 65 år eller eldre
• Vaksne og barn med alvorleg luftvegssjukdom, spesielt personar med nedsett lungekapasitet.
• Vaksne og barn med kronisk hjarte/karsjukdom, spesielt personar med alvorleg hjartesvikt, lågt minuttvolum eller pulmonal hypertensjon
• Vaksne og barn med nedsett infeksjonsresistens
• Vaksne og barn med diabetes melllitus (både type 1 og type 2)
• Vaksne og barn med kronisk nyresvikt
• Bebuarar i omsorgsbolig og sjukeheim
I tillegg til gruppene som er nemt ovanfor, rår ein til at helsepesonell med pasientkontakt vaksinerer seg.
Folkehelseinstituttet melder at yrkespersonell (helsepersonell og svinerøktere) må få resept hjå lege og kjøpa/bestille vaksina på apotek.