Skrivekløe? Eller møtast for å prata om bøker?

Publisert av:
24/9/2010 20:06

Nokre har også ytra ønskje om ein “skriveverkstad”, der ein kan ha med sjølvskrivne  tekstar og presentera dei for andre – eller ganske enkelt berre ha nokre andre skribentar å snakka med. Slike  skriveverkstader har vorte populære treffpunkt ved fleire bibliotek i fylket – og nokre stader har dei jamvel fått til både opplesingar og utgjevingar. Det finst såleis faste opplegg me kan følgja.

På biblioteket har det tidlegare vore organisert leseringar kring bøker av Johannes Heggland, som var svært vellukka. Kanskje me kunne samlast og snakka om bestemte bøker me har lese, anten dei no er gamle eller nye – forfattarar frå Sunnhordland gjennom tidene, klassikarar, Knausgård eller aktuelle bøker?

Om noko av dette høyrest ut som noko for deg, så ta kontakt på tlf 988 19 153 eller epost tysbib@online.no så får me sjå kor stor interessen er. 1 gong i veka eller 1 gong i månaden, det er du med på å bestemma.