Sesongstart i Tysneshallen 12. sept 2010

Publisert av:
14/9/2010 15:35

Som vanleg var det servering i kiosken og mange tok ei pølse eller liknande som søndagsmiddag. På kjøpet fekk ein spanande kampar og drøs med venner og kjente. Det er faktisk både god og billeg underhalding å sjå laga våre i aksjon ein fuktig seinsumardag. Korleis klarte me oss utan idrettshall før i tio?

Det var mange frammøtte til å heie på laga våre, men det er framleis plass til fleire tilskodar. Det er imponerande å sjå kva laga våre klarer å yte mot meir folkerike distrikt enn vår eigen kommune. Når laga våre har fått litt meir kamptrening, og god støtte frå heimetribunen, kan det bli mange fine kampar frametter hausten. Ein tur i hallen ein regntung fridag er eit svært godt alternativ til TV Sporten. Det kan anbefalast å ta med slekt og venner innom hallen for å vis kva som skjer. Følg med på ”Det skjer” på TYSNESINGEN.NO eller heimesida til TYSNESIL.NO.

Her kjem referat frå dei fem fyrste heimekampane denne sesongen.

J12 Tysnes mot Askøy
Dette vart ein svært spanande kamp. Fyrsteomgang starta jamt, og laga følgde kvarandre heilt til pause. Tysnes hadde mange gode angrep, bra forsvarsspel, og mange fine redningar. Til pausen leda Tysnes med eit mål. Andreomgang starta litt trått, og laget vårt kom litt bakpå. Utover i siste omgang starta ein innhentinga, men Askøy drog i frå på slutten, og vann 12-16.

Desse var med:
Nora Kleppe, Eli Enes, Martine S Lunde(3), Ina Borlaug (4), Kristi S Pedersen(1), Eline T Bakke, Ruth Johannes Kongsvik, Thea Sløgedal, Ida Marie Høviskeland(2), Anna Dorthea Espevik(2)

G12 Tysnes mot Mathopen 2
Kampen starta litt usikkert for begge lag, og fyrst etter 5min kom fyrste målet. Fyrsteomgang var jamspelt, men gjestane fekk mest utteljing og leda halvvegs 2-5. I andre omgang var bortelaget oppe i 8-3 før Tysnes starta opphentinga til 10-10. Deretter vart det svært spanande fram til kampslutt og kampen enda eit mål under for Tysnes med 12-13. Det var mange fine mål, og god innsats i laget. Målvakta gjorde her ein strålane jobb. Etter å ha hatt mange spelarar med lange skadeavbrekk var me no fulltallige, og gode resultat kan ventast frametter.

Desse var med:
Elvis Kalvans i mål, Vegard Kleppe, Eivind Martinsen, Johannes H Haugsgjerd(1) Lars Even Stue(5), Matias Helland(3), Brede H Hope(1), Marius Tysnes, Arild Flornes(2), Fredrik Ludvigsen

J15 Tysnes mot Viking/Tertnes
Dette var ein kamp med høg fart og mange mål. Starten for vårt lag var litt skral resultatmessig, men etterkvart starta opphentinga. Når angrepet fyst var på plass vart det lett mål. Forsvaret var også bra, og haldt tett sjølv når me hadde to på benken. Det var mange gode og fine redningar av målvakta vår. Kampen var spanande med mykje temperament, og spelet var temmelig tøft. Me hadde berre ein innbytar å ta av denne kampen, og til slutt blei kampen avslutta på stillinga 17-24.

Desse var med:
Henriette Lunde i mål, Maria Wathne(3), Ingelin Malkenes, Renate Lunde(5), Julianne Wollertsen(8), Veronika Frugård, Lovise Dalland(1), Maria Wollertsen

J14 Tysnes mot  Stord
I denne kampen møtte me eit godt lag som var vanskeleg å følgje. Laget vårt er jamt godt, og er gode både framme og bak. Med litt meir kamptrening, og jamnare motstandar blir det spanande å følje dette laget. Motstanderane var flinke, og gjorde lite feil. Sjølv med godt målvaktarbeid for Tysnes blei det litt mange mål i mot. Kampen enda 11-26. I neste kamp vil resultatet garantert verta jamnare.

Desse var med:
Gunnhild Fauske, Renate Frugård, Elisabeth Ebbesvik, Anne Marie Kleppe, Isabell Instøy, Celine Skorpen (2), Linda Oppdal, Anna Nicolaisen, Cecilie H Hansen(7), Kari Andersen(2)