Heimetap for G11

Publisert av:
9/9/2010 19:54

Njardar gutar 11 hadde ei kanonopning heime på Reiso-graset i ettermiddag mot dei blå Nore Neset.

Heimelaget gjekk opp i 3-0 leiing i starten på kampen. Men så dovna dei litt, og Nore Neset scora så fem mål på rappen til 5-3 leiing.

Njardar skjerpa seg litt igjen og frå då av og ut kampen var det jamnt. Begge laga scora to mål til kvar og dermed enda det med 7-5 siger til Nore Neset.

Mål for Njardar frå Ludvik Dalland (3), Erik Enes og Alf Inge Stue.