Uro i Våge

Publisert av:
7/9/2010 18:10

Lensmann Lorentz Lunde opplyser til Tysnesingen at det på fredag var ein del ungdomar som festa i ein båt ved Våge Hamn.

– Dei laga bråk og uro, og kom i klammeri med vaksne som freista å snakka dei til ro, seier lensmannen, og legg til at saka er meld og at ungdomane må rekna med eit oppgjer med politiet.

Søndag vart ein 16 år gamal gut stoppa av patruljen frå lensmannskontoret då han dreiv med tullkøyring med bil ved Tysnes skule.

– Han er meld for køyring utan førarkort, opplyser Lunde.