Publisert av:
5/9/2010 20:44
Flott MC tur
Motorsyklistane tok i veg i dag tidleg frå Hodnanes til Knapphus og til Sauda der dei hadde seg lunsj.
– Det var kjempeflott veg å køyra MC på inn til Sauda. Frå Sauda køyrte me over fjellet til Røldal, og også her var det fin veg, men ein del smale parti, fortel Jon Skjolde til Tysnesingen.
Neste pause hadde dei tre i Røldal der det var rundt 25 grader. Neste etappe var til Årnes/Gjermundshavn og vidare heim til Tysnes.
– Me brukte om lag ti timar på turen som er ein av dei flottaste MC-rutene me har køyrt, sluttar Skjolde.
Alle bilete: Jon Skjolde.