Matfestival

Baldersheim skule og barnehage
3. oktober kl. 11:00

Me gjentar suksessen frå i fjor! Ta med deg familie og vener og bli med på Søre Luten matfestival 3. okt frå kl. 11-14.
Ikkje gå glipp av haustens kjekkaste dag på Baldersheim!

Matmarknaden er utvida med fleire matprodusentar og i år kjem heile 16 lokale utstillarar med sine kvalitetsprodukter.
Her kan ein få tak i alt i frå frukt og grønt, kjøt, ostar, ulike typar bakst, handtverkseddik, syltetøy og mykje anna godt. Engevik gard lagar til deilige lunsjrettar, ein finn både is, bollar og makronar, og ein kan bestille seg kaffi hos vår egen barista.

På festivalen dukkar det også opp ulike dyr, ein kan møte både alpakka, høner og sau . Dei tøffaste kan også helse på Krabbeline og Hummerhans!
Lær å lage båtknutar, bli med på melkespannholding eller få ein fin ansiktsmåling. Her er det aktivitetar for heile familien!

OBS! I år blir festivalen arrangert på skuleplassen ved Baldersheim skule og barnehage.

Årets utstillarar på marknaden er:
Aarvik Gaard (bakst)
Isrosa (is)
Heimalaga av Robles (bakst)
Kristin Aarvik (lefsebakst)
Makronnies (makroner)
Lysekloster gårdsdrift (grønsaker)
Hauane hagebruk (grønsaker)
Dalahagen (handtverkseddik, blomsterløk)
Bøkampen (grasfora lammekjøt, skinn)
Strandvik fiskeri (fisk, krabbe, kreps, hummar)
Tønnegarden (raudravle, lefser, flatbrød, kjøt (vestlandsk fjordfe), burger, kjøttkaker)
Brekkene gard (syltetøy, diverse naturprodukt)
Barista Mats Bauge (kvalitetskaffe)
Engevik gard (lagar til deilige lunsjrettar)
Frids gård (honning, plantefarget garn)
Anne Margrethe Vikeså Solvang (kunst)
(Lygre Livsgard) (Geitost mm)

PSST! Dette er siste opningshelga til Aarvik Gard i haust, og på Søre Luten matfestival kan du få tak i hennar nydlege bakst før bakeriet stenger for sesongen. Enda ein god grunn til å ta turen til Baldersheim denne helga!