Vil du vera med å bowle i vinter?
16/8/2026 10:08
7. september startar me opp bowlingturneringa for 2026/27.
Dette er lagturnering med tre spelarar på kvart lag som speler tre seriar kvar gong. Kampane går måndag eller tysdag annakvar veke. Talet på lag bestemmer kor mange kampar det vert, men truleg vert det 6-7 kampar i haust og like mange i vårhalvåret.
Kven kan vera med?
Det er ope for alle interesserte, einskildpersonar, bedrifter, lag og organisasjonar etc.
Bowling er ein sosial aktivitet noko som er minst like viktig som konkurransen.
Pris pr. lag: kr 300,00 for kvar runde. Kvar spelar betaler kr. 100,00 pr kveld, eller laget får tilsendt faktura ved sesongslutt.
Dei første kampane begynner 7. september.
Alle tre banane skal vera heilt i orden slik at avviklinga av kampane skal gå greitt!
Ta kontakt, eller meld på lag til Helge.hauge@haugnett.no eller 99640123.
Tysnes bowlingklubb