God stemning på Norway Cup
29/7/2026 20:44
Laurdag 25. juli reiste Njardar/Tysnes sitt J14 og G14 til Norway cup.

Jentene starta cupen søndag mot eit svensk lag. Svenskane leia 2-0 til pause, men Njardar jentene slo tilbake og vann 3-2 til slutt. Etterpå vann gutane sin første kamp 3-1.
Mandag møtte gutane det beste 1. divisjonslaget i Trøndelag, som diverre vart nokre nummer for tøff. Jentene møtte Ålgård/Figgjo i sin andre kamp og det var aldri tvil om kven som var det beste laget her. Njardar vann til slutt 3-0.

Tysdag starta med eit 2-1 tap for gutane mot nok eit godt 1. divisjonslag. Denne kampen kan gutane likevel vera nøgd med innsatsen! Jentene storma vidare og vann 2-1 mot 1. divisjonslaget Elverum etter ein kamp med solid laginnsats i alle ledd.
Gutane kom til B-sluttspel der Stryn blei for tøffe i første kamp onsdag, og dermed var Norway cup over for denne gong.
Jentene fekk ein fridag onsdag, og er klar for nordnorsk motstand i A-sluttspelet torsdag.
Klubben melder om mange supportarar og god stemning i Oslo blant Njardar gjengen!
