Kor var BT?

Publisert av:
18/7/2010 20:16

I laurdagens BTMagasinet får Bergens Tidende gjennomgå for deira manglande interesse for Tysnesfest.

Det er Helge Sognnæs på Heggland som fyrer laus mot avisa. Det kom knapt eit ord i avisa om dette kjempearrangementet, seier Sognnæs som for inntil for seks år sidan sjølv budde i Bergen. No er han pendlar og driv blomsterforretning i by’n.

Han uttalar vidare at det er ei gåte at BT i løpet av Tysnesfest-dagane ikkje kunne laga noko skikkeleg på noko som gleda så mange.

– Mange føler at BT overser Tysnes, men skal de vera ei avis, også for distriktet, må de oppsøka arrangement som samlar mykje folk sjølv om det ikkje foregår på bergenshalvøya, seier Helge Sognnæs til avisa. Han åtvarar mot tap av abonnentar om ikkje BT vert meir synleg i Vestlandet sitt mindre urbane strøk.

Godt sagt!