Tysnes Rundt avlyst

Publisert av:
16/7/2010 17:31

For fyrste gong sidan oppstarten av Tysnes Rundt på midten av 90-talet er arrangementet blitt avlyst. Tysnes Rundt for femtande gong lot seg ikkje gjennomføra.

Litt før fem i ettermiddag tok ein avgjersla om å avlysa. – Det var svært høge bølgjer utanfor Flornes som ein ville fått rett inn frå sida, og me tok då avgjersla om å avlysa, seier Magne Ivar Fauskanger til Tysnesingen. – Me vil vurdera om me skal prøva igjen seinare i sommar, seier han.

Ein del robåtar var møtt på plass ved den gamle handelstaden på Årbakka, men dei måtte gjera vendereis. Vinden løya litt og enkelte rodde båtane sine heim att, medan andre fekk dei på hengaren og køyrde båten heim landevegen.

Om ikkje anna fekk kystlaget døypt tre nye robåtar i halv sju tida.