Publisert av:
12/7/2010 07:05
Konsert med Nordic Tenors
Det var fullt under Nordic Tenors konserten i Kjevika, Uggdal søndag under Tysnesfest.
Trass i at vérgudane ikkje var heilt med, takla tenorane dette på ein fortreffeleg måte og publikum fekk full valuta for pengane i omlag ein time og tjue minutt.
Nordic Tenors vann Komiprisen for sitt første show i 2006 og har sidan opptrådd som syngjande toastmastarar i HM Kong Haralds 70-årsdag og under opninga av operaen i Bjørvika.
Tenor Aasmund Kaldestad har Tysnes-røter og var litt på heimebane i går!