Dokkegalleriet : Lag di eiga fingerdokke
10/7/2010 16:47
Fredag kunne borna laga si eiga fingerdokke på Dokkegalleriet. Med litt hjelp fekk alle som var innom laga seg ulike fingerdokker. Mange var kreative og laga flotte dokker! Nokre med litt hjelp og nokre nesten utan hjelp. På førehand hadde Britt laga modellar, t.d. hund, katt, Ole Brumm, prinsesse og spøkelse. Yngstemann var Anna Olea på 3 år som laga seg ein fin Ole Brumm!
Borna var flinke og såg ut til å setja pris på aktiviteten!
Medan borna laga fingerdokker kunne dei vaksne sjå utstillinga ”Barndom på Tysnes på 1950 og 60-talet”.
Britt hadde sett saman ein flott utstilling av ulike leikar med meir frå barndomen hennar. Mange vil sikkert kjenna att dei klassiske ”Anne-dokkene”med masse flotte, heimelaga klede, papirdokkene og ulike små leikar som ”alle” hadde på den tida. I tillegg var det ein kjempefin ”Ola-bil” som stod utstilt. Dersom det hadde vore ein veteran-klasse i kassebilløpet, hadde den sikkert gjort det godt! Det er nok ikkje så mange som har slike veteranbilar på låven lenger.
Dei heimelaga skia som ho brukte i barndomen er også eit artig innslag i utstillinga.
Eit slide-show som viser andre leikar og ting frå den tida høyrde også med.
Utstillinga er også open laurdag.