Nytt på musikkfronten her heime

Publisert av:
8/7/2010 17:39

Marianne (MajaBand) har sunge inn ein Bakke/Tvedt låt med tittelen ”Ver hos meg”.

Med den mjuke stemma si får ho godt fram ’bodskapen’ i songen. Det må vel seiast å vera ein kjærleikssong,  – der Anders har fått fram ein tidsriktig tekst. Hodneland-gutane er på farten igjen og viser briljant spel. Tore tar bassen og speler inn saman med Vidar på trommer dei to første spora. Deretter legg Tore på akustisk og el.gitar på to spor.

Med dette ’kompet’ som grunnlag kom Marianne inn på første feriedagen sin og la på vokalen. Melodien, – eller ’låten’ finn de her: http://www.nrk.no/urort/Artist/MajaBand/default.aspx

Då den flytande Jåtteutstillinga vart opna i flytenaustet (Havno i Våge) framførte Anders Bakke med venner den nye Jåttesongen. Dette er også ein Bakke/Tvedt prosjekt, denne kan de høyra  på: http://www.nrk.no/urort/Artist/AndersBakkeSolo/default.aspx

I starten på melodien er det full storm i lyden, altså ikkje noko gale med stereoanlegget de har i stovo. Dette er vel nærmast ein Shanty med trekkspel og tre fjerdedels takt. Her er Olav Høgestøl med på trekkspel og Karsten Iversen på gitar. Resten ordnar tekst- og melodimakaren.

God sommar alle!