Målkalas av damelaget
23/6/2010 06:41
Til pause stod det 8-0. Mange fine angrep og mål, sjølv om bortelaget meir eller mindre gav opp mot slutten. Marita 9, Karoline 5, Renathe 4, Torunn 4, Kristine og Reidun scora måla.
Sist søndag vart det uavgjort mot botnlaget Kalandseid. I denne kampen kom ein bakpå med både 0-1 og 1-2, men greidde på tampen av kampen å utlikna etter å ha sløst vekk mange sjansar. Karoline og Marita scora måla.
Desse har vore med i kampane: Kirsti Sundal, Wibecke B. Skorpen, Reidun Kleppe, Kristine Belt, Torunn Belt, Marita Lie Nesse, Renathe Hagen-Lunde, Karoline Dalen, Ane Vermedal og Marit H. Helgesen.
Tysdag kveld vann Njardar sitt smågutelag 7-0 over Os. Det var ein svært god kamp med mange flotte mål frå Rolf Elling Utne 2, Simon Malkenes, Simon Storetvedt Jordal, Aksel Lande 2 og Ørjan Pettersen.
Laurdag tapte gutelaget 2-4 heime for Samnanger. Njardar hadde flust med sjansar til å ta poeng i kampen, men sløste framfor mål. Scorarar var Christian Ottem og Andreas Langeland.