Gjenbruksmarknad
29/3/2026 10:39
Eit ufyselig og surt vær hindra ikkje folk til å ta turen på marknad i Tveit grendahus laurdag 28. mars.
Eit gjevnt sig av kundar var det utover i dei tre timane marknaden varte.
Ein del handla med seg gode kupp, og det var det mange av, mykje variert, alt ifrå krusatøy, lampar, elektronikk , kjøkkenutstyr, klær, smykker.
Andre var skuelystne og mange benytta seg av café tilbudet og det gjekk unna på kake og kaffisalget.



Dei som hadde salgsbord let vel og var fornøyde med sal, sjølv om frammøtte var litt mindre enn i fjor.
Dette er eit populært tiltak, og arrangørane er fornøyd med både oppmøte, innsats av selgarane og dagen.
-Det er kjekt å laga til slike arrangement når me ser det er godt mottatt, det kjem folk og me får også fine og positive tilbakemeldingar av kundane, så det blir heilt sikkert marknad igjen. Planen er å ha ein vår- og ein haustmarknad, så det er berre å byrja og rydda frå loft og til kjellar, og garasje med.
– bli med og selg ting & tang neste gong, oppmodar Sigfrid Tveit og Anne Langeland, for detta er både kjekt og sosialt, avsluttar dei to.