Publisert av: May Britt Meland
26/3/2026 14:09
Nye artistar er klare
Denne veka har Tysnesfest slept to nye artistar til årets festival, det er bare å gle seg!
Dette skriv Tysnesfest om artistane:
Det einaste du vil er å ha det fett, og det einaste PandaPanda vil er å sørge for at det skjer! Det er duka for hardtslåande basslinjer, spektakulært lysshow og ei lang rekke dansbare låtar når PandaPanda kjem til Tysnes i sommar
Beathoven har på rekordtid etablert seg som ei av landets største popgrupper. Musikken maler eit bilete av det å vere ung i ein storby, men den er like dansbar både på bygda og i byen. Dei er kjent for sine gjennomførte show som er fullspekka av allsangvennlige hits, sjarm og energi. No er dei klare for Tysnesfest, og det blir garantert ei konsertoppleving me kan leve lenge på!
