Stiller ut i Sverige

Publisert av:
20/6/2010 19:57

Eit lite tips for ferierande tysnesingar på Sverige-tur i juli dette. Det er utflytta tysnesing Nina Havn som held kunstutstilling i idylliske Fjällbacka, som ligg om lag 45 minutt frå Svinesund.

Tema for utstillinga er “Havet” og dato for utstillinga er 7. – 9.juli.

Om du ikkje har høve til å sjå den, kan du ved å venda deg til Havn få utstillinga på nettversjon. Ta då kontakt på ninahavn1@gmail.com .