Tysnesingar i Oslo

Publisert av:
20/6/2010 11:57

Det er utflytta tysnesing, Helen Frøyseth, som har laga facebook-sida “Tysnesingar i Oslo”. Ho håpar mellom anna sida kan bidra til å få utflytta tysnesingar i Oslo og omegn til å treffast og slå av ein prat, eller invitere kvarandre på ulike arrangement.

Me som framleis bur heima, ynskjer vel at tysnesingane i Oslo bør diskutera korleis dei skal koma seg heim att og få opp folkatalet her på go’holmen!