Ny bortesiger

Publisert av:
14/6/2010 13:11

Tidlegare år har a-laget hatt heller liten poengsanking på bortebane. Denne sesongen har ein enno ikkje tapt på utebane, då dei i går kveld slo Ragnarok 4-2 på Nymarksbanen.

Heimelaget tok imidlertid leiinga og var best første del av omgongen. Men etterkvart kom Njardar betre med og scora to før pause.

Fyrst vart Terje Hagen felt inni 16-meteren og Torbjørn Onarheim var sikker frå straffemerket. Deretter spelte førstnemnde Helge Flornes gjennom og åleine med keeper scora han enkelt.

I 2.omgong bølga det litt fram og tilbake, men med tysnesingane som det beste laget. 3-1 kom då Robert Grønvoll heada eit innlegg i mål. 4-1 vart det då 15 år gamle Daniell Hauge Hansen, debutant for dagen, spelte fint fri Terje Hagen og han sette ballen roleg forbi keeper.

Ragnarok fekk eit reduseringsmål heilt mot slutten, men truga aldri sigeren til Njardar.

I ein damekamp på Reiso i går kveld vann Njardar 6-0 over Krabbetor etter mål frå Marita Lie Nesse (3), Renathe Hagen-Lunde (2) og Torunn Belt.