Utlånsrekord i 2025

Publisert av: May Britt Meland
14/1/2026 14:29

Biblioteket sette ny utlånsrekord i 2025 med eit fysisk utlån på 10733 bøker, ei auke på 7 %  frå 2024. Det var auke i utlånet av både barne- og vaksenlitteratur.

Anita Østerbø har fyrste- og andreplass over dei mest utlånte bøkene i fjor.

Av barnelitteraturen er det Forelska-serien og Ruler-bøkene (fotballbiografiar) som har vore mest populære i 2024.

Me kan ikkje avskrive den nasjonale lesekrisa, og det må framleis jobbast beinhardt for å få unge og vaksne til å lesa meir. Gode utlånstal gjev motivasjon til det arbeidet, seier biblioteksjef Mats Løve Gjersvik i ein kommentar.