To nye artistar er klare

Publisert av: May Britt Meland
12/1/2026 19:15

Tysnesfest har slept to nye artistar som er booka og klare til årets Tysnesfest.

Vi gler oss!

 

Morten Abel

Poplegenden kjem tilbake til Tysnesfest

Med uforgløymelege låtar som Hodet Over Vannet, Lydia og I’ll Come Back And Love You Forever er han klar for å innta Gjerstad igjen i juli, denne gongen som soloartist. Dette er garantert noko du ikkje vil gå glipp av!

 

Gunslingers

Børst støvet av cowboystøvlane, varm opp linedance-foten, og finn fram eplebrusen! Gunslingers er sjølve soundtracket til fuktige sommarkveldar på bygda, og i år kjem dei endeleg tilbake til Tysnesfest for å spela opp til dans igjen!