Motorproblem

Publisert av:
8/6/2010 20:10

Det var under morgonturen frå Malkenes til Bergen at hurtigbåten fekk problem med eine motoren. Det skjedde like før Flesland, og båten måtte gå med sakte fart inn til Flesland kai.

Ombord i hurtigbåten var mellom anna alle elevane frå Lunde skule. Dei var på klassetur til Akvariet, men grunna motorproblema fraktast i buss frå Flesland til Bergen sentrum.

I ettermiddag var Godøysund Ekspressen sett inn i hurtigbåtruta.

Onsdag morgon var Hardangerfjord Ekspressen tilbake i ruta si.