Publisert av: Martha Nygård Lande
22/11/2025 17:46
Populært med Julesalgsmesse
Sjølv om regnet byrja og ausa ned, var det inga hindring for små og store som hadde tenkt seg på første dag av julesalgsmessa, arrangert av Onarheim og Tveit bygdalag, for tredje året på Tveit.
Messa opna klokka 11 og ikkje lenge etter dukka dei fyrste handlelystne opp, og ei stund var det ganske folksomt og trangt om plassen.

Her med seljarane mor og dotter, Eva og
Lise Irén Sandtorv.
I år var det mykje fint og variert seljarane hadde på borda sine og ein kunne kjøpa mange flotte kupp her.

Kaféen var godt besøkt og mange kosa seg rundt borda med både pølse og kaker.


Og for dei som ikkje hadde tid og anledning for og besøkja messa i dag er det anledning for og ta seg ein tur i morgon, då er messa ope frå klokka 11-14.00.
Tekst og bilete: Anne Langeland