Publisert av:
5/6/2010 06:10
Konsert i dag
Kleppe Musikklag melder at dei vil ha sin sommaravslutningskonsert utanfor Spar-butikken i Våge klokka 13.15. Dirigent er Patrik Randefalk.
Det vert eit underhaldande og variert konsertprogram med songar for både store og små.
Kleppe Musikklag og Patrik ønskjer alle velkomen og lovar ein flott konsert.
Kleppe Musikklag har tidlegare vitja Tysnes i samband med korpsfestivalen.