Publisert av: Martha Nygård Lande
16/10/2025 07:57
Refleksdagen
Refleksdagen er ein årleg merkedag, og den er alltid tredje torsdag i oktober.
I år blir denne dagen markert torsdag 16. oktober. Målet er å minna folk på at dei må bruka refleks.
Bruk 5 minuttar
Er du blant dei som ofte gløymer refleks? På Trygg Trafikk si nettside oppfordrar dei til å bruka 5 minutter på refleksdagen, til å festa refleksar på jakkar, bagger, sekker, vesker osv. Det er ei klok investering av tid! Kjøp gjerne klede med refleks påsydd. Jo fleire refleksar, desto betre.
Refleksdagen over heile landet
I 2006 vart refleksdagen arrangert for første gang, og dagen blir markert over heile landet.