Signe satsar friskt på bilcross

Publisert av: May Britt Meland
30/9/2025 12:42

Signe Eide Bergstø (13) er ein fersk sjåfør av året innan motorsporten og stortrives bak rattet i sin blå VW Golf Mk5. I helga pakka ho og faren (Ove) bil og utstyr på henger og tok turen til Vikedal for å kjøre siste løp i vestlandsmesterskapet i bilcross.  Mesterskapet har gått over fleire løp både i Bergen og i Vikedal.

Sammenlagt fekk Signe 7. plass Vestlandsmesterskapet -glass pokal, og pokal for 10. plass i løpet. Ho vann også gavekort- startavgift for neste sesong i Vestlandsmesterskapet.

Signe starta karriera bak rattet ved  juletider i fjor, då banebil vart kjøpt inn. Saman med bror, far og mor har ho dreve med ulik mekking, maling ect for å få bilen klar for sesongen. Det har våre ein bratt læringskurve, men det har vore kjekt og ikkje minst lærerikt. Motorsporten var ikkje heilt ukjent for Signe då ho er vane med å vera med på drifting og sporkjøring med resten av familien årlig.

Signe kjører i klasse Nextgen som er ein ny klasse av året. I denne klassen kan ein starte å kjøre bil på bane fra det året ein fyller 12 år. Det skal brukes standard biler, max 1,4 l , max1400 kg – så om ein åpnar pannseret på bilen ser ein ikkje gromme motora. Det er installert bur i bilen og samt er personleg utstyr (bilstol, seler, kjøredress, sko, hjelm og hansker) på plass for å ivareta sikkerheita. Det er kjekt å ha med seg hjelpere når ein drar på løp, for det kan skje litt av kvart.

Signe er glad for at ho har sponsorer med på laget og andre hjelparar, spesielt at Gaute (bror), pappaen og mammo er med på løp for å følge opp og hjelpe til.


Signe har deltatt på ulike løp gjennom sesongen og premiehylla veks. Ho havna på ein flott sammenlagt 7. plass i klassen sin i Vestlandsmesterskapet Bilcross, og satser friskt mot neste sesong.

Her er Signe med hele Bergens-gjengen som hun kjører saman med.

-Er du nysgjerrig på sporten eller har motorinteresse, er det bare å ta turen til Eikås 18. oktober når det arrangeres klubbløp.
Her vil ein kunna sjå ulike type biler og slå av ein prat med sjåfører og teamet rundt.

Foto: privat