Open brannstasjon på laurdag
17/9/2025 19:13
Sjå brannbilen, møt brannfolka og lær om branntryggleik
Her får store og små sjå brannbilen på nært hald, prøve utstyr, møte brannfolka og få gode råd om korleis ein kan førebyggje brann i heimen.
Open brannstasjon er ein tradisjon me er stolte av. Det er både lærerikt og morosamt for heile familien, og me gler oss til å ta imot mange besøkande, seier brannsjef Torfinn Kongsvik.
Aktivitetar for heile familien
På brannstasjonen blir det høve til å prøve seg som brannkonstabel for ein dag – med mogelegheit til å sitje i brannbil, spyle med brannslange og delta i konkurransar. I tillegg kan ein møte ambulansepersonell og representantar frå Røde Kors.
Kvifor blir Brannvernveka arrangert?
Brannvernveka er eit landsdekkjande initiativ som blir gjennomført kvart år i veke 38, og som har til føremål å setje søkjelys på brannførebygging. Dette markerer òg starten på den landsomfattande aktiviteten «Nasjonal brannøvelse».
Når haustmørket fell på, brukar me meir straum, tenner fleire lys og oppheld oss meir innandørs – alt dette kan auke risikoen for brann, og difor blir det ekstra viktig å øve, seier Kongsvik.
Dei fleste alvorlege brannar skjer i private heimar – men der er det ingen krav om brannøvingar. For å gjere det enklare å vere førebudd, har Brannvernforeningen utvikla eit gratis verktøy på www.brannovelse.no der ein kan skreddarsy ei brannøving tilpassa eigen bustad og livssituasjon.
– Når det byrjar å brenne, tel kvart sekund. Difor er det utruleg viktig å ha øvd heime, slik at heile familien veit kva dei skal gjere for å kome seg raskt og trygt ut, seier kommunikasjonssjef i Brannvernforeningen, Aslak Gausen.
Ei brannøving heime kan vere så enkelt som å snakke om ulike forhold knytte til brann rundt middagsbordet. Det kan til dømes vere: kvar er det sannsynleg at ein brann kan starte hos oss, eller kva rømmingsvegar har me? Øvinga kan òg gjerast til ei meir praktisk og engasjerande aktivitet for heile familien.