Er ikkje reven eit skadedyr?
16/5/2010 17:27
Det er fleire som har mista opp mot 30 lam om våren. Det er ikkje vanskeleg å dokumentera at reven har herja. Det er ganske vanleg at reven tek med seg delar av lammet i første omgang, for så å koma attende for å henta resten.
Det er ikkje noko fint syn å finna i hjel rivne lam på heimebøen. Det er særleg på heimebøen at reven herjar. Det er registrert langt mindre tap i fjellet.
Mink og mår kan og ta lam. Villmink er dessutan svartelista og uønskt i den norske fauna. Korkje rev, mink eller mår har naturlege fiendar.
Det er fleire sauebønder på Tysnes som har erfart at både skjor, kråke og ravn har teke livet av små og svake lam. Dei pikkar ut augene på lamma, eller dei pikkar hol i vomma. Eit slaktelam utgjer ein verdi på om lag 1000 kr. Eit lam som skal gå inn i avlen, monaleg meir. Det er såleis eit betydeleg tap rovdyra og rovfuglane påfører suaebøndene.
Tysnes Sau- og Geit ser difor positivt på at Tysnes Jakt- og Fiskelag bidreg aktivt til å redusera bestanden av skadedyr.
Tysnes Sau- og Geit