Stølsutviklar med turplanar
10/5/2010 10:54
Under ein stor hellar set ho seg til. Ragnhild er den einaste som slepp levande frå pesta som rasar over bygdene.
Så fortel segna, i det minste. Hellaren der Ragnhild budde vart sidan heitande Ragnhildsteinen. Kjelda der ho henta vatn heiter den dag i dag Ragnhildekjeldo – og myra som hellaren ligg i utkanten av heiter Ragnhildemyro.
Kan hende har det ei anna forklaring, at den store hellaren oppe i marka har fått namnet sitt etter ei jente eller kvinne som støla der på 1600- eller 1700-talet.
No har lærar og stølsutviklar Tore Økland planar om å setja Ragnhildsteinen på kartet.
– Eg tenkjer meg ei turløype frå Dalen og over Ilefjellet, fortel han. – Ilefjellet har også ei segn frå Svartedauen knytta til seg, nett som Ragnhildsteinen.
Det vert fortalt at den einaste overlevande på Onarheimsida var ei jente som heitte Ili. Ho gjekk over fjellet for å sjå om ho fann folk. Då det nærma seg kveld og det byrja å skumrast kom ho fram på ein utsiktsplass på nordsida av øya. Ho fekk då sjå at det lyste nede i bygda, og der fann ho ein gut som levde åleine. Fjellet som jenta gjekk ned i frå blei sidan oppkalla etter henne og heiter Ilefjellet den dag i dag.
– Ilefjellet og Ragnhildsteinen, det er spanande og levande historie for folk i dag, meiner Tore, som har planar om å ta med seg skuleelevar hit.
Ragnhildsteinen er ein stor hellar med god plass, men er ikkje lett å finna. Du må vita nøyaktig kvar du skal sjå etter han i det myrlendte terrenget, som ligg høgt oppe i utmarka i Gjersvik.
Det vil Tore gjera noko med. – Eg tenkjer på å laga til ei turløype som set Ragnhildsteinen i samband med Ilefjellet på den eine sida, og vidare over til Skarstjødnet og Ramnanuten.
Berre nokre hundre meter unna i luftline, rett nok i eit heller ulendt terreng, finn me den gamle demninga til Tysnes Lysverk. I fleirfaldige tiår har den imponerande demninga lege skjult som ein velbevart løyndom. Men no har Tore sett opp eit skilt på stien til Gjerstadstølen, om du tek til høgre når du er på veg opp til Ramnanuten.
Dersom du vil sjå etter Ragnhildsteinen kan du følgja traktorvegen opp i utmarka frå Røde Kors-huset på Gjerstad, og deretter halda godt til venstre innetter. Det er ganske tilgrodd og fuktig i byrjinga. Etter kvart passerer du eit myrvatn, og endå lengre inne finn du ei ny myr – Ragnhildmyro. Ver obs på at det er ganske langt å gå.
Tore tenkjer å skilta ein sti mellom Skarstjødnet og Ragnhildsteinen. – Og ikkje ver redd, denne turen kjem til å stå på programmmet når me har slektsstemne i sommar, røpar stølsutviklaren.