Alsaker konsern i 2009
6/5/2010 09:11
Med ein omsetnad på 668 millionar gir dette ein resultatmargin på 27,4 %. Konsernet sin omsetnad auka med kr 233 millionar, frå kr 435 millionar i 2008 til kr 668 millionar i 2009.
Auken i omsetnad kjem både frå auke i slaktevolum og auke i salspris på laks.
Driftsresultatet enda på kr 172 millionar mot kr 41 millionar i 2008. Dette er ein auke på kr 131 millionar.
Alsaker er eit vertikalintegrert oppdrettskonsern med produksjon av laks. Konsernet dreiv i 2009 5 smoltanlegg, 20 matfiskkonsesjonar og eit slakteri. I 2009 produserte konsernet i overkant av 26.000 tonn laks, mot nesten 20.000 tonn året før.
Ved utgangen av året hadde konsernet 146 tilsette.Produksjonen i konsernet skjer i 12 kommunar: Etne, Fusa, Kvam, Kvinnherad, Meland, Sveio og Tysnes i Hordaland, samt Haugesund (Røvær), Rennesøy, Suldal, Tysvær og Vindafjord i Rogaland.
Produksjonsmessig har 2009 vore eit middels godt år for konsernet. Både produksjon- og slaktekvantum har auka betydeleg samanlikna med 2008. Men også i 2009 hadde ein fleire nye utbrot av fiskesjukdomen PD (pancrease disease), samt fleire utbrot av IPN (infeksiøs pankreasnekrose). Likevel har dødlegheiten pga PD vore lågare i 2009 samanlikna med 2008. Dette skuldast mellom annaat all fisken som blir sett ut i sjøen blir vaksinert mot PD.
Den internasjonale marknaden for laks har vore god i 2009. Det globale tilbodet av laks har vorte redusert i løpet av 2009 som ein konsekvens av den biologiske situasjonen i Chile. Redusert globalt tilbod har ført til ein høgare pris på laksen, som også Alsaker-konsernet har nytt godt av i 2009.
Bokført eigenkapital i konsernet var ved utgongen av året på kr 405 millionar – noko som gir ein
eigenkapitalandel på 38 %.
Ein av hovudgrunnane til det gode resultatet er at konsernet har godt kvalifiserte og motiverte personar i alle ledd i organisasjonen.
$$$$
Har De spørsmål, eller ynskje om ytterlegare kommentarar, kan De ta kontakt med
adm.dir. Gerhard Meidell Alsaker, telefon 53 43 01 10, eventuelt mobil 90 10 5000.