Klassetreff

Publisert av:
3/5/2010 15:36

Me vart også konfirmert saman våren 1967.  I generasjonar før oss har det vore tradisjon å ta felles konfirmantbilete ved kyrkja.  Av ein eller annan grunn vart det ikkje teke noko felles bilete den gongen. 

Når me no samlast var det eit mål for oss å ta eit felles bilete av gruppa.    Fleire av deltakarane på samlinga kom langvegs frå for å vera med på klassetreffet.  Læraren vår frå framhaldskulen, Inger Jonnanne var også saman med oss på treffet. 

Det vart eit hjarteleg og godt mimretreff. 

På bilete øverst frå venstre ser ein:  Helge Hope, Andreas Hope, Knut Skår, Øystein Gjøvåg og Arvid Såtendal.
Midterste rekkje frå venstre:  Guro Kjeseth, Reidun Sellevåg, Anny Gjøvåg,  Olaug Bruntveit og Vigdis Brattetveit Erichsen.
Fremste rekkje frå venstre:  Linveig Hope, Inger Johanne Andersen (framhaldskulelærar), Kari Bruntveit Folkvang, Målfrid Glesnes og Wenche Nordbustad.