Bli med på lansering av romanen “Uvisse”

Haaheim Gaard
4. mai kl. 13:30

Boka mi Uvisse er ei skildring av bestefar si uvisse, uro og lengt ved krigsutbrotet i 1940. Ein ikkje ukjend tilstand for mange krigsflyktningar i dag også, dessverre. Boka er også ei påminning om kor viktig kampen for fridommen alltid er.

Ta søndagsturen til idylliske Haaheim Gaard søndag 4. mai kl. 13.30. Der vil eg presentera Uvisse og lesa litt frå boka. Uvisse (signert) kostar 199 kroner.

Eg vil også presentera boka på Tysnes Sogelag si markering av frigjeringa i 1945 torsdag 8. mai kl. 18.00 på Tinghuslemen i Uggdal.

Boka kan du også kjøpa i nettbutikken til forlaget Hammersland Bok og Musikk

Håpar eg treff deg på Haaheim eller i Tinghuset

Øystein Økland
Mobil: 48176835
Epost: ookland53@gmail.com