Fin MC-tur til Voss

Publisert av:
2/5/2010 20:35

Motorsyklistane frå Tysnes reiste frå Våge i 11-tida laurdag. Dei la vegen mot Trengereid, der dei møtte mange andre MC-folk.

Deretter køyrte alle i samla flokk til Voss, kor det vart grilling og sosialt samvær hos Voss MC-klubb. Returen gjekk frå Voss via Hardanger og tilbake til Tysnes.

– Me hadde ein kjempeflott tur i strålande vèr. Masse folk var med, fortel Siv Heidi Schulstad til Tysnesingen.

Bilete: Siv Heidi Schulstad