Flott start av damelaget
28/4/2010 08:27
Damene tok ein sterk siger på Fitjar-graset måndag kveld i sesongens fyrste seriekamp. Fitjar var fjorårsvinnar i damepulja, og det er alltid ekstra trøkk når desse to naboklubbane møtes.
Njardar tok leiinga 1-0 ved Torunn Belt, og det stod det til pause.
20 minutt før full tid slo Renathe Hagen-Lunde ein knallhard corner som traff ein Fitjar-spelar og dermed 2-0.
Tidlegare Njardar-spelar, Anne Helene Storesætre Vestbøstad, reduserte for Fitjar fem minutt etter, men Njardar-damene holdt unna inn til 90 minutt var spelt i eit oppgjer som var jamnt. Men det er måla som tel, og Njardar kunne innkassera sin fyrste trepoenger.
Søndag spelte smågutane heime mot Gneist. Det vart 3-4 tap. Måla til Njardar vart scora av Ruben Siglevik Lunde, Simon Storetvedt og Aksel Lande.