Har vurdert branntryggleiken

Publisert av:
23/4/2010 12:40

Det er firmaet QPC AS som har hatt jobben med å sjå på tryggleiken. Det fins i dag ingen eintydige branntekniske krav for campingplassar, og heller ikkje plan- og bygningslova regulerer dette.

I rapporten som no føreligg heiter det at gjester og tilsette bør ved eit informasjonsmøte ein gong i året få oppdatert info om alt frå rømningsvegar til korleis dei skal handtera ein brann.

Rutinar om alt frå søppelhandtering til grilling, og bruk og oppbevaring av gass, bør det utarbeidast rutinar for. Alle må ha røykvarslar og brannsløkkjingsapparat. Tilgang til sløkkjevatn er også nemnd som viktig.

Det er Sunnhordland som skriv dette.