Publisert av:
19/4/2010 20:35
Søstre på hesteryggen
I helga starta dei i eit distriktsstemne på Sletten – Bergen rideklubb. Laurdag 17.april fekk begge jentene to fine 2.plassar i sine klassar, 80 og 90 cm.
Dei konkurrerar mot ryttarar frå heile Hordaland i alle aldersgrupper, og ut i frå dei høva dei har for trening her på øya, gjer dei det verkeleg bra.
Søndag 18.april vart ein nedtur for dei håpefulle frå Tysnes. Det vart ingen premiar denne dagen, men dei representerte hestesportslaget og Tysnes på ein fantastisk måte.
No som stemnesesongen for alvor har starta, vert det konkurransar kvar helg framover, kun avbroten av pinsecup i handball og NM for skulekorps.
Søstrene Fauske skal også delta på WCT (West Coast Tour), ein cup som vert arrangert i ulike byer – frå Kristiansand til Bergen.