Publisert av:
17/4/2010 18:12
Stranda i Tyrkia
– Me skulle reist heim i dag laurdag, men ser ut til at det blir nokon ekstra dager med sol og ferie! fortel Mailinn Helland til Tysnesingen. Ho og dei andre reiste på ferie til Tyrkia for ei vekes ferie forrige laurdag, men med stopp i all flytrafikk blir ferien utvida på ubestemt tid.
– Gjengen har fått tips heima i frå om å skaffa seg oppholdstillatelse og begynne å sjå etter jobb. Denne naturkatastrofen kan jo vare ei stund, smiler ho.