Konsert

Publisert av:
8/4/2010 15:31

foCus Quartet, som tidlegare var ein trio med brødrene Jan-Tørres, Terje og Per Nordstrand, har i over 35 år sunge evangeliet på bedehus, i kyrkjer og i andre samanhenger, og har farta over heile landet med songen sin, kjend som ”Br. Nordstrand.” Dei har også delteke på gospelfestivaler i utlandet, m.a. i Skotland og Irland og på den årlege og tradisjonsrike songfestivalen ”National Qartet Convention” i Louisville i USA. Dette er den største mønstringa innan denne songtradisjonen og samlar 30- 40.000 menneske frå heile USA.

Etter at Terje Haveland slutta seg til, er trioen utvida til kvartett. Repertoaret er variert, frå gode gamle bedehussongar, til songar dei har henta og oversett frå amerikansk sørstats-gospel. Dette er ein songstil som ikkje har nokon lang tradisjon i vårt land, men som etter kvart har byrja å verta kjent, m.a. på grunn av Bill Gaither sine ”Homecoming” produksjonar på video og plater. Dei skriv også songar sjølve. Den klåre evangeliske bodskapen, framført i ei variert tonedrakt og ein lett folkeleg uttrykksmåte, er eit varemerke for  ”foCus Quartet”. 

Dei har gjort tre CD-innspelingar. Den fyrst på Lynor. Dei to siste i Nashville, med Ben Speer som produsent og med lokale Nashville-musikarar.

Brad White er no inne i sitt 20. år som kristen artist, eller rettare sagt musikkteneste.  Han er ein kunstnar på piano, og mellom dei aller beste pianistane innan sin sjanger.  Han reiser over store delar av verda, har reist i alle statar i USA og i til saman 50 land.  Mange nordmenn vil nok kjenna han att frå Gaither Homecoming-seriane. Han reiste i mange år som ein del av James Blackwood Quartet og The Blackwood Brothers Quartet. Med andre ord ein allsidig og erfaren musikar, men også ein bevisst kristen sangevangelist.

Brad har to gongar vore nominert til ”Grammy-award”, han har laga eit eige pianoundervisningsopplegg med kun kristne songar, han har laga meir enn 10 CD-produksjonar, og han har dei siste åra knytt nære band til Noreg og Focus quartet frå Austevoll. 

Brad er oppteken av å vera til glede og inspirasjon, og er bevisst i si sang- og musikkteneste. Han ynskjer å formidla Guds nåde og kjærleik til alle han møter.