Folkemøte om barnehagesaka

Publisert av:
7/4/2010 06:36

Det er foreldrerepresentantane i Myklestad barnehage som inviterer til folkemøte om barnehagesaka. Det vert i Grendatun måndag 12.april klokka 19.00.

Blant dei som vil stilla på møte er ordføraren, som vil informera om kor barnehagesaka står pr i dag.

– I tillegg er dei politiske partia invitert til å stilla med ein representant, for å høyra på synspunkta våre og svara på eventuelle spørsmål, seier Marit Kristin Hovdenes til Tysnesingen. Ho er ei av initiativtakarane til møtet.

– Me håpar alle brukarar av barnehagane i dag, framtidige brukarar og elles alle interesserte møter opp i Grendatun. Me ynskjer ein debatt om plasseringa. Foreldre og tilsette i barnehagane reagerer kraftig på forslaget om å leggja barnehagen der gymsalen er i dag, seier ho.

– Når kommunen no har fått endeleg nei frå fylket til det fyrste alternativet på Gjerstad, meiner me politikarane må vurdera Reiso igjen. Me håpar med møtet å i alle høve hindra eit “panikk-vedtak”, der barnehagen vert lagt til Tysnes skule, seier Hovdenes som håpar på eit fullsatt Grendatun med folk frå heile øya, og ein positiv debatt.