Søndag 24. november kl 16.30 (MERK TIDA)
Iver Kleive og Knut Reiersrud i Kulturkyrkja på Onarheim
Orgel og gitar! Storslått og varmt. Med ei perfekt ramme i Kulturkyrkja på Onarheim. Iver Kleive og Knut Reiersrud sine konsertar har opparbeida seg ein solid fanskare. Spesielt deira tolkingar av salmar og religiøse folketonar er høgt skatta av publikum. 24. november kan du oppleve dei i Kulturkyrkja på Onarheim.
Det blir ei skikkeleg høgtidsstund i kulturkyrkja på Onarheim når dei to folkekjære stjernemusikarane møtes.