Endeleg kino igjen
29/10/2024 08:07
Mange har venta på at det skal visast film i Grendatun.
Filmutstyret har vore ute av drift, men no skal alt virke att.
Første film som blir vist, er Jul med Astrid Lindgren, der ein møter kjente skikkelsar frå Astrid Lindgren sine bøker.
Deretter er det filmen Nr. 24 om livet til Gunnar “Kjakan” Sønsteby.
Begge filmane blir vist laurdag 2. november (sjå her for tidspunkt).
Bli med inn i Astrid Lindgren sitt magiske juleunivers!
Det er ei stjerneklar julenatt, og i mørket kjem reven ut av hiet for å finna mat. Per Pusling får seg ein ny besteven, Kajsa Kavat hjelper bestemor med juleforberedingar, og i Katthult er Emil i full gang med snøballkrig.
Filmen tar oss med på ei eventyrleg reise gjennom Astrid Lindgren si fantastiske verd, og vil skapa julestemning for både store og små.
Qvisten Animation har tidlegare stått bak suksessfilmar som Dyrene i Hakkebakkeskogen, Folk og røvere i Kardemomme by, Jul i Flåklypa og Kaptein Sabeltann og den magiske diamant.
Nr. 24 er filmen om eit av norgeshistoriens viktigaste og mest unike liv.
Gunnar Sønsteby var ein beskjeden revisor assistent då andre verdskrig starta. Ved krigens slutt var han nazistane sin mest ettersøkte mann, og Norges høgast dekorerte borgar. Sønsteby gav aldri opp sitt utrettelege arbeid for fred og demokrati. Dette er hans historie.
Nr. 24 er regissert av Skjelvet-regissør John Andreas Andersen, og er produsert av produsentane av Den 12. mann, Troll og Max Manus. Hovedrolla som Gunnar Sønsteby blir spelt av Sjur Vatne Brean.