Foto: Robert Korsnes

Dette var fantastisk

Publisert av: May Britt Meland
11/10/2024 10:31

I går kveld var det Nordlys over store delar av landet, og her på Tysnes var det mange som fekk med seg dette. Vanlegvis ser ein nordlys i fargane blått og grønt, men i går var det også rosa og rødt! Vi var heldige med ein klår og skyfri himmel, slik at vi fekk sjå det fargesprakande nordlyset som dansa over himmelen.

Om du ikkje fekk med deg nordlyset i går kveld, kan du kose deg med desse fargesprakande bileta som er lagt ut på Kvardagsbilder i Tysnes kommune på Facebook!

Robert Korsnes la ut desse flotte bileta fra Malkenes

Kate Vivian Johannessen Blummenfelt skriv at det er fyrste gongen ho ser nordlys. Bileta er tekne på Eldholm-Reksteren.

Christian Wille har delt dette fargerike biletet teke i Skjeljavik.