Fotballunsj og opprykkskamp

Publisert av: May Britt Meland
26/9/2024 08:19

Njardar/Tysnes inviterer til fotballunsj etterfulgt av a-laget sin kamp om opprykk til 6. div!

På laurdag, 28. september, kan det skje;
Njardar sitt A-lag kan med tre poeng mot Møhlenpris vinne serien og sikre opprykk til 6. divisjon.

Dette vil i så fall gå inn i historia som Njardar sitt 4. opprykk på 50 år, i det som er jubileumsåret til klubben.
-Med andre ord et aldri så lite høgdepunkt!
Skulle det ikkje gå vegen på laurdag, har laget fortsatt to kampar til å ta dei nødvendige tre poenga på.

Møhlenpris ligg på 4. plass, og er for alvor med i kampen om opprykk då 2. plass også sannsynligvis rykker direkte opp. Om dei vinn resten og me tapar resten, kan dei også sikre 1. plass om alt går deira veg.

Alt ligg dermed til rette for ein spennande ettermiddag på Reiso, og som oppladning til det som kan bli ein festdag for A-laget, inviterer klubben, i samarbeid med Extra Tysnes og Mandelhuset til gratis fotballunsj med «gjett riktig resultat» konkurranse med premie både for store og små.

Me håpar så mange som mulig vil ta turen til Reiso, både til lunsj kl 13:30 og kamp som har avspark kl 15:00.

Ta turen og skap god stemning med å heia Njardar til 1. plass og opprykk!